2025 har vore eit aktivt og lærerikt år for Alver Havfiskeklubb, fylt med arrangement, dugnad, klubbturar og sterke fiskeprestasjonar. Her er ei oppsummering av kva vi har fått til saman det siste året – og litt om kva vi ser fram til i 2026.
Året byrja med både klubbmøte og dugnad – tiltak som har gitt gode møteplassar og engasjement i miljøet. Dette held vi fram med også i 2026.
I februar hadde vi årsmøte. Det nye styret for 2025/2026 ser slik ut:
• Styreleiar: Magnar Ulvatn
• Kasserar: Frode Berven
• Styremedlem: Simen Vidal
• Styremedlem: Bjørn Ole Jakobsen
• Styremedlem: Endre Hopland
• Juniorrepresentant: Ådne Hageseter
På årsmøtet vart det også bestemt at klubben skulle prøve å arrangere ein fiskekonkurranse om våren. Frode og Simen tok ansvar for planlegginga, og datoen vart sett til start mai. Arrangementet vart ein stor suksess, med to full dagar med fisking. Les meir om Alver Fiskefestival på nettsidene til klubben:
Dugnad og samarbeid
Vi har i 2025 bidrege med dugnadshjelp for Ung Alver på deira Fiskedag for unge. Fleire frivillige frå AHK stilte opp og hjelpte deltakarane med knyting, tips og generell fiskehjelp. Innsatsen vart svært godt mottatt, og er noko klubben gjerne helt fram med i 2026.
I samband med Alver Fiskefestival vart det også lagt ned ein stor dugnadsinnsats frå medlemmar i klubben. Her var fokus at unge og uerfarne fiskarar skulle få kjekke fiskeopplevingar, noko dei også fekk. Alle fiskarar fekk fisk i løpet av arrangementet.
Klubbturar året gjennom
Det har vore arrangert fleire klubbturar i løpet av året, men berre lokalt. Langturen til Lofoten i fjor var likevel ein så stor suksess at det blir ny langtur i 2026, denne gongen til Titran.
Nokre av årets turar måtte dessverre gå ut grunna uvêr, men vi fekk og gjennomført mange bra turar med god stemning og sosialt samvær.
Imponerande innsats i Havfisker’n 2025
Havfisker’n 2025 er ein nasjonal fiskekonkurranse open for alle fiskarar, og ikkje ein del av Alver Havfiskeklubb sine eigne arrangement. Likevel har denne konkurransen blitt ein stor motivasjonsfaktor for mange av medlemmane våre – og fleire har verkeleg tatt deltakinga til sitt hjarte.
Det synte seg godt på resultatlista i år:
• Frode Berven tok ein imponerande 1.-plass samanlagt
• Martin Klavins vart kåra til årets Artskonge
• Arthur Klavins, Martin Klavins og Geir Johannessen vann lagkonkurransen
Totalt hadde klubben heile 9 deltakarar blant dei 30 beste. Ein fantastisk prestasjon som viser breidda, erfaringa og engasjementet i klubben. Vi gratulerer alle!
Foredrag og fagleg utvikling
Etter sommarferien fekk vi endeleg kalenderen til Endre Hopland til å passe inn med møta våre. Han har halde ei rekke spennande og lærerike foredrag – mellom anna om langefiske og fleire andre artar.
Dette har gitt stort fagleg utbyte for medlemmane, og vi håpar å halde fram med slike temamøte også i 2026.
Praktisk avslutning på møteåret
Vi avslutta møtesesongen 2025 med eit praktisk klubbmøte, der deltakarane fekk lage ulike fisketakkel. Oppmøtet var svært godt, det vart ein sosial og inspirerande kveld og ei fin avslutning på fiskeåret 2026.
Vi ser fram mot eit nytt år
Takk til alle som har bidrege til eit flott år i Alver Havfiskeklubb. I 2026 håper vi at fleire vil kome med innspel, delta på dugnad og vere med på både turar og fiskefestivalen i mai.
Har du idear eller spørsmål – ikkje nøl med å ta kontakt med styret.
God jul og godt nyttår!
Helsing styret i Alver Havfiskeklubb
